Home Arrangementer Runene på Bildentekstilet
Steinhuset

Sted

Steinhuset
Granavollen

Dato

14 mai 2019

Tid

19:00 - 22:00

Runene på Bildentekstilet

Elise Kleivane er norrønfilolog og forskar ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo. Ho leier eit prosjekt som heiter «Bokstavar mellom runer og manuskript».

Runeinnskrifta på Bildentekstilet hjelper til med dateringa av tekstilet og vitnar om bruken av skrift i kyrkjeleg og liturgisk samanheng. Sjølv om innskrifta ikkje er så lang, er det mykje å seie om ho. Denne runeinnskrifta er heller ikkje den einaste innskrifta frå Hadeland. I foredraget gir ho ein grundig presentasjon av runene på tekstilet og plasserer runene på Bildentekstilet inn i landskapet av mellomalderinnskrifter på Hadeland. Innskrifter med både runer og bokstavar er med.

Foredraget er et ledd i kunnskapsformidlingen i forbindelse med gjenskapingen av Bildenteppet.

Det vil også bli en markering av gaven fra SpareBankstiftelsen Gran i forbindelse med gjenskapingen av Bildenteppet.

Gratis inngang inkl. kaffe