Olaug Salthe

Mastergrad i tradisjonskunst

Eg tok ein mastergrad i tradisjonskunst ved Universitetet i Sør-Aust Noreg for nokre år sidan. Det omfatta både ei skriftleg og praktisk framstilling. Eg valde å fordjupa meg i fire gamle skjortekvardar som eg hadde funne på eit bur i Atrå. Alle kvardane var sauma med kross-sting. Denne teksten er ei omarbeiding av ein tekst som eg ikkje nytta i sjølve mastergradsoppgåva. Eg trur at artikkelen kan gje handsarbeidsglade personar litt å tenkje over; kvifor driv me på med handarbeid?

Sauming er ein mental prosess

Sauming er for meg ein mental prosess i tillegg til det å skapa noko. Eg må vera heilt konsentrert. Samstundes får eg eit eige rom rundt meg. Det er mitt eige, eg treng ikkje sleppa nokon andre inn, og det er fredeleg. Difor får eg kvile i dette rommet; kvile frå problem, mas, folk, skule, ungar, jobb og konfliktar. Eg er vakse opp i eit haugiansk/pietistisk miljø. Eg som jente skulle alltid ha noko arbeid i hendene, noko gagnleg. Hendene skulle kvile om sundagane. Eg fann meg i eit slikt syn. Etter kvart vart sauming og strikking fristaden min, langt inn i vaksen alder. Kvar dag må eg gjera noko handarbeid, no også på sundagar, elles har det ikkje vore ein «god dag». Har ein dag vore hektisk eller kom eg seint heim frå ei vakt på sjukehuset, måtte eg alltid roe meg ned med litt handarbeid før eg kunne gå og leggja meg til å sove.

Sauming som mentalhygiene

Det er ikkje berre eg som har røynsle med at sauming er godt for sjela. På nettet finn ein m a mange bloggar som handler om dette. Norsk Trikotasjemuseum har ei internettside dei har kalla for Kvifor brodere? (https://ntmbroderi.worldpress.com/broderihistorie/kvifor-brodere). Mykje av det som er skrive om sauming som ein mental prosess handlar om kjønnsperspektiv, «gender». Det utelet eg frå denne artikkelen.

Rachel Mason er ein britisk forskar som har studert kva tyding handarbeid («craft») i heimar har å seia for familiemedlemma (2005). Utgangspuktet hennar var at moderne familiar ikkje treng tilverke kleder, tekstilar, reiskap osb. Ein kan no kjøpe det ein treng og det vert ikkje billigare å lage ting sjøl. Tid er ein knapp ressurs i det moderne samfunnet. Mason har skrive ein oversiktsartikkel i eit «evidensbased design» om desse tinga. Ho fann ut at mange framleis driv med handarbeid sjølv om det ikkje er naudsynt. Kvifor? Handarbeid gjev meining, både sosialt og kjenslemessig, for dei som driv med det.

Jorunn Veiteberg har skrive artikkelen Kunst med sting (1999). Ho viser til fleire kunstuttrykk som er sauma på 90-talet. Tidlegare var sauming ein kvinneleg kulturell aktivitet med lange og faste tradisjonar. Beret Aksnes, Sidsel Palmstrøm, Hans Hamid Rasmussen og Edith Lundebrekke har m a skapt ein ny kunstnarleg sjanger (Veiteberg 1999). Ho skriv: «Å brodera krev tid. Sjølv om nåla er like fleksibel som ein blyant, er handlinga langsam. Mykje arbeid og liten nytteverdi, gir det meining i vår tid å gi seg i kast med slike disiplinerande og repeterande arbeidsprosessar?» (Veiteberg 1999, s 4) Veiteberg svarar «ja» ved å trekkje fram den meditative dimensjonen. Sauming inneber ei fordjuping som stengjer omverda og kvardagen ute og «skapar ein tilstand der djupe kjensler og røynsler får høve til å flyta opp og utkrystallisera seg i tankar» (1999, s 14).

I boka Geriljabroderi trekker forfattarene fram ikkje berre kjenslene av ro og tid til å reflektere medan ein saumar (Loraas og Pedersen 2010). Det kan òg vera frigjerande å saume. Geriljabrodering handlar mykje om å saume veggtavler med fyndord etter tradisjonen med å saume bibelord o l på bilete til å hengje opp på veggen. Ein kan verta lettare til sinns om ein saumer ord ein ikkje får til å uttrykke verbalt.

Eg opplever at både det Mason og Veiteberg skriv om i artiklane eg har vist til, stemmer med mine eigne erfaringar. Handarbeid, i dette høve sauming, gjer godt for sjela i ei hektisk tid. Den tidkrevande prosessen fremjer truleg denne gode kjensla.


Louise Waldén si handarbeidsmodell

Louise Waldén deltok i forskingsprosjektet Handen och Anden medan ho var lektor i kulturpedagogikk ved Högskolen i Gävle (1999). Studien vart gjort av ei forskargruppe på fire og gjekk ut på å finne ut av korleis deltakarane i studiesirklar lærde seg handverkteknikkar og -tilverkingsmetodar. Waldén hadde ikkje ei kunst- eller handverksutdanning. Ho hadde berre erfaring frå si eiga deltaking i formingsundervising i skulen. Som forskar gjekk ho inn som deltakande observatør i fire studiesirklar: i veving, knipling, lappeteppeteknikk og saum. Forskargruppa undra seg over kvifor kvinner nytta sin dyrebare tid til å læra seg handarbeid?

Forskarane fann at dei fleste kursdeltakarane hadde ei spesiell drivkraft som dei kalla for «välbefinnandemålet» (1999, s. 4). Deltakarane fikk det rett og slett veldig bra med seg sjølv av å gå i studiesirkel. Forskingsresultata og -analysen i etterkant genererte ein prosessuell modell for det å drive på med handarbeid.

I sentrum står handarbeidet, det som skal lærast og utviklast i studiesirkelen. Den tekniske dimensjonen handlar om dei handverkteknikkane, dugleiken, som skulle lærast under kurset. Den skapande dimensjonen svarar til trongen for å kunna uttrykkje seg og gjera seg synleg for verda. Den estetiske dimensjonen handlar om trongen til venleik og orden. Den meditative dimensjonen handlar om trongen til å få ro med seg sjølv, sin kropp, med sine tankar og kjensler. Denne dynamiske modellen kan nyttast i mange samanhengar.

Deltakarane i studiesirklar opplevde dei fire dimensjonane ulikt. Flest deltakare var opptekne av den tekniske dimensjonen. Han handlar ikkje om maskiner, men å tilegne seg og vidareutvikla dugleik. Desse deltakarane var ofte fokusert på å kopiere, gjenskapa noko heilt presist, få til alt «riktig», halda seg til tradisjonelle reiskapar osb. Den estetiske dimensjonen var òg viktig, men annleis enn dei deltakarane som var mest opptekne av den skapande dimensjonen. Den fyrste gruppa ville ha eit perfekt produkt med t d ei bakside som var like fin som forsida. Dei som var særs opptekne av den skapande dimensjonen, la meir vekt på venleik gjenom form, fargar og komposisjon. Lause trådar på baksida, kunne gjerne vera lause. Dei «skapande» deltakarane tek gjerne i bruk maskinar og moderne teknikk i arbeidet for å nå målet raskt. Waldén skriv ikkje noko om ulikskapar innanfor grupperingane m o t den meditative dimensjonen.

Kva verd hadde sauming for kvinna på 1800-talet?

I dag er det ikkje naudsynt å tilvirke tekstilar i heimane. Alt kan kjøpast billegare i butikken. Eg har vist korleis sauming kan ha verdiar ut over det funksjonelle, det naudsynte, ved å laga ting sjølv. Artiklane eg viste til er forsking og erfaringar frå vår eiga tid. Kan eg jamføre dette til det handarbeidet som vart utført i ei stove på 1800-talet?

Då måtte dei tilvirke alle tekstil: klede, sengety, handklær osb sjølv. Dei klipte sauen, karda og spant garnet. På stabburet kor eg fann skortekvardane som eg gjenskapte, fann eg eit heilt mjølkespann fullt av handspunne, tynt ullgarn. På buret hang òg vevreiskapar og i kister låg det ferdig vove og stampa vadmål. I fleire kister var det teppe som truleg har vore nytta som overkast i senger. Dette og alle kleda på buret vitnar om mykje arbeid med å tilverke tekstilar. Dei kunne ikkje gå på butikken og handle. Dei fleste tekstilane var laga av ull. Det var berre skjorter og fôr i nokre barneluer som var sydd i bomullsty. Bomullstyet var truleg kjøpt på marknaden i Kongsberg eller av omreisande kramkarar. Ein del av tekstilane var sydd i lin. Dei dyrka lin sjølv. Dei kallar den dag i dag ein åker på garden for linlandet. Kvinnene tilverka kleda ikkje berre til å vera funksjonelle. Dei sydde kleda i tråd med tradisjon og mote og tilførte dei estetiske element ved hjelp av t d fargar, form og mønster. Dei kjende trong til det vene og til å «ta seg ut» i sosiale lag.

Dette arbeidet med tekstilane var berre ein del av dei oppgåvene som kvinnene måtte delta i på garden. Kvinnene laga mat, fødde og stelte mange born, stelte i fjøset, vaska klede, mjølka kyr og deltok i onner. Korleis fekk dei tida til å strekka til? Korleis fekk dei tid til å saume fine border, t d kross-sting på lin med 18-20 tråder pr cm, på skjortekvardar utan elektrisk lys? Dei sauma nok ein del ute i friluft på staulen om sommaren. Men hadde dei så god tid då? Eg trur 1800-talskvinna hadde det vel så travelt som 2000-talskvinna. Den meditative trongen hadde/har truleg begge kvinnene: trongen til kopla av, koma til ro, skapa sitt eige rom og få det godt med seg sjølv. Forskinga eg har vist til, om handa, anden og handarbeidet, kan òg nyttast for å gjere greie for kvifor kvinnene i gammal tid la så mykje arbeid ned i t d skjortekvardane.

Eg har i denne artikkelen fokusert på andre dimensjonar ved å gjera handarbeid enn berre å produsere noko fordi me treng det, t d klede eller nausynte ting til heimen. Handarbeid kan gje menneske høve til å oppdage og kjenne på skapande prosesser, estetiske evner og fred med seg sjølv.


Referansar.

Loraas, Astrid og Pedersen, Mona (2010). Håndverk og holdning. I: Geriljabroderi. Oslo:
Magikon forlag, s. 102-106.
Mason, Rachel (2005). The Meaning and Value of Home-Based Craft. I: The Author. Jorunal
compilation. NSEAD/Blackwell Publishing Ltd.
Veiteberg, Jorunn (1999). Kunst med sting. I: Kunsthåndverk nr 3, s. 10-15.
Waldén, Louise (1999). Handarbetet – hatat och hyllat. I: Den vackra nytten. Om
hemslöjd i Sverige av Gunilla Lundahl (red.). Stockholm: Gidlunds Förlag, s. 71-87.

Norsk Trikotasjemuseum (20.02.2020). Kvifor brodere?

Olaug Salte februar 2020